Skrevet av Terje Nordheim torsdag 05. november 2009
Artikkelindeks
Historiske hunder på Hareidlandet
Dei harde -30 åra
Kennel Arnebu
Myrteigens Fant
Ulsteinvik
Alle sider

Kennel Arnebu

Arne Røyseth var den første på Hareidlandet som stilte hundar på prøver og som dreiv avl av pointere under kennelnavnet ”Arnebu”. Arnes første fuglehund King, var ein blanding av pointer og gordonsetter som han fekk med (Hans Håbakk) i 1937. Like etter krigen fekk onkel til Arne, Bernt ein vaksen vorsteher hann kalla Snøgg. Den tok seinare Arne over. Etter nokre år utan tid til hund kom ein ny reinrasa gatemix i hus, Tassa. Også kalla den heilsvarte gongløysa. Mor til Tassa var ei vorsth tispe, Tyra. Etter at Tassa fekk eit tidleg reisepass kom pointerhannen King ( 64/1952 ) til gards.

King kom inna Ørsta som 2 åring. I følgje Stig vart han gitt vekk til Stig under pausen i ein VM-kamp i –66. Og nokre år seinare fekk Stig etter mykje masing overta ei pointertispe frå framhaldskule læraren Einar Holm, dette var pointertispa 68/1952 Heidi ( Jakk-Lady). I desember 1968 vart King og Heidi para og dette vart starten på historia om kennel Arnebu.

Heidi hadde 3 kull. Det siste i 1973 etter at ho var seld til Ingvald Hansen i Åsestranda. Far til dette kullet var Int uch jch Myrteigens Prikk. Ingvald Hansen fekk også ein kvalp etter King og Heidi nemlig 501/71 Blissi. Blissi hadde fleire gode premieringar på prøve. Med King debuterte Arne på jaktprøver. Og på første starten lukkast han med 2.pr AK på Kongsvoll. Frå kullet med King beheldt Arne ein kvalp: 5898/69 Lizzie. Også Lizzie vart premiert på prøve med 2pr. UK.

Lizzie hadde blant anna kull med Njch Floss e Njch Arrow og Zitas Hilda. Arrow, Zita og Floss var som kjent eigd av Fredrik Drabløs i Ålesund. Ein av dei store i prøvesamanheng på 60 tallet. Drabløs vann bl.a Norsk Derby med Zitas Hilda i 1966 og Arrow vann Kongepokalen i 1967. Frå dette kullet beheldt Arne og Stig ein hannhund 18057/73 Arnebus Pontus. Lizzie vart seinare solgt, men før dette vart hun para med ein dansk hund, Keldbymagles Enok, og Arne beheldt ein tispekvalp 7611/72 Pia. Pia var på prøver premiert med 2UK og 3AK.

Pia vart para med 11317/72 Jo av Vaagebu og herfra kom 122551/77 Arnebus Liz. Liz hadde 2 kull, eit med Vestergyllens Flipper og eit med Tarpans Ripp. Etter den første paringa beheldt Arne 02565/80 Arnebus Beauty, ei kullsøster vart dessutan seld til Henrik Høyvik, Arnebus Stella. Beauty vart para med 13312/82 Zero, noe som skulle vise seg å bli ein uheldig kombinasjon. Arnebu Pia 35117/86 viste seg å ha middels Hd, ei annen kullsøster hadde sterk Hd. Pia vart premiert med ein 3.pr AK på prøve. Dette var i Tydalen i 1989 og var siste gongen Arne stilte på prøve. Arne avslutta 30 år med prøvesport som han starta, med premie.

Stig hadde no ein kort periode ein irsk setter Småbergas E Rocky, som for øvrig var kullbror med Ero til Hallvard Dimmen. Pia vart parret med 24739/86 Orrehaugens G Matador til Leiv Jonny og Roy Weum. Noko som resulterte i 6 kvalpar derav 2 hadde sterk Hd. Arne og Stig tok igjen ein kvalp etter denne paringa 02035/89 Arnebus Ina. Ina var god som unghund og vart premiert med 2 x 2UK. Dotter til Arne, Ann Kristin Røyseth hadde også ein hannhund frå dette kullet, Arnebus Point. Ein annan kullbror til Ina vart dessutan eksportert til Spania. Då det viste seg at Point hadde sterk Hd vart det beslutta å ikkje sette kvalpar på Ina. Stig kjøpte i staden igjen ein kvalp etter kullsøster til Pia, 35114/86 Arnebus Tina som var Hd fri A. Dette var 03438/90 Myrtuvas Liz. Far til Liz var Bjønroas Huck. Stig førte Liz til 2 og 3UK på jaktprøve. Dette vart slutten på tispelinjen fra Arnebu. Det viste seg at også Liz hadde sterk Hd etter at hun vart seld til Trygve Jensen i Narvik. Han sette forøvrig kull på Liz, resultatet vart mykje Hd. Etter dette har som kjent Stig hatt fleire gode pointere som har hevda seg både på prøve og utstilling bl.a Snøhettas Ran og Torvteigens Ina. Ina vart forøvrig forgjeves prøvd parra og inseminert med bl.a Ran. Med Fighter Amy av Vor-Point har Stig starta på ny frisk med avl av pointere, men nå under kennelnamnet ”Tverrmålet”. Det skal bli spennande å følgje dei foreløpige siste skota på stamma: Tverrrmålets Snoopie og Ari samt Uno til Rune Brandal.

I 1967 var tida inne for å organisere jaktmiljøet, og Ulstein jeger og fiskarforeining vart stifta etter å ha lege nede sidan etterkrigsåra. At fuglehundjegarane stod sentralt i dette arbeidet kan vi sjå av styresamansetninga frå fyrste valet. Medlemmar i jaktutvalet: Arne Røyseth, Arthur Wollsdal, Lars Garshol, Johs Strand og Henrik Høyvik. Helge Eide og Lillvar Brandal var styremedlemmar og Fritjof Teigene sat i arrangement komiteen. I tilegg var Bernt Myklebust styremedlem, han har som kjent fått seg engelsksetter no 38 år seinare. Henrik Høyvik fekk dette året sin første pointer, Stella.

Asbjørn Løvøy på Moltu fekk også sin første engelsksetter på denne tida. Dette var 68/8807 Neadalens Ranja. Sverre Gjerde på Stokksund hadde fuglehundar frå –60 åra og fram til slutten av –80 talet. Dei to fyrste engelsksettere og den siste ein pointer, Tanja.

På -70 talet skaffa også Lillvar Brandal seg pointer og var ivrig i foreiningsarbeid. Lillvars første pointer, Jakk var forøvrig etter King og Heidi til Arne Røyseth, men med Ingvald Hansen som oppdrettar. Freddy Hareide hadde også ein pointer King frå kennel Arnebu tidleg på -70 talet. King vart stilt både på prøve og utstilling. Eg kjenner ikkje til jaktpremieringar på King, men han var høgt premiert på utstilling. ”Rulle” fekk seg også ny engelsksetter tidleg på -70 talet. Denne gongen av rein rase frå Østerdalen. Dette var Troya. Seinare hadde ”Rulle” fleire engelsksettere fram til siste Stegg på midten av -90 talet. Stegg I og Troya II.

Helge Eide`s Beauty begynte no å drage på åra og Helge Let Beauty parre. Resultatet vart Myrteigens Fant. Og med Fant, og med Olav Schetne som pådrivar fatta også Helge interesse for prøvesporten.


Sist oppdatert søndag 08. november 2009