Historiske hunder på Hareidlandet - Dei harde -30 åra
Skrevet av Terje Nordheim torsdag 05. november 2009
| Artikkelindeks |
|---|
| Historiske hunder på Hareidlandet |
| Dei harde -30 åra |
| Kennel Arnebu |
| Myrteigens Fant |
| Ulsteinvik |
| Alle sider |
Side 2 av 5
Dei "harde" -30 åra
I fylge Arne så var det faktisk relativt mange som jakta på denne tida. Og mange gjorde nok det for rein matauk eller for å spe på gardsinntekta. Men det var også dei som allereie no jakta like mykje for ”sporten” sin del og som nytta fuglehundar.Dei ivrigaste i denne kategorien var nok som Johan var inne på austlendingen Arthur Solheim (1878 - 1959) og Arthur Teigene (1884 - 1940). Begge desse hadde engelsksettera. Og engelsksetter Kensy til Solheim var etter alt å døme ein av dei første fuglehundane på Hareidlandet. Som Johan også nemnte så hadde Solheim ein halvautomatisk Browning som han nytta på jakt. Og denne var han viden kjent for å bruke for det den var verdt. ”Når Browningen taler-tier alle” og ”Når du hører 5 skudd i lien da er det Brekkefolket som er på jakt” var fraser Solheim ofte brukte.
At Arthur Teigene var ein fantastisk god skyttar kunne også Arne bekrefte. Både han og broren Harald hadde som sagt også fuglehundar, og truleg var det Harald som hadde gordon setteren som var far til King, Arnes Røyseth`s første fuglehund. Seinare hadde Harald ein pointer, Stella. Det må også nemnast at Arne skaut ein tiur for King, på Hareidlandet!
Ellers kunne også Arne Røyseth bekrefte at Arne Fjelle hadde ein svart pointer med kvitt bliss.
Hans Håbakk hadde også ein engelsksetter like før krigen. Ein annan som var tidleg ute med hund var møbelsnikkar Johannes Lillebø, bestefar til Johannes Krisiansen. Johannes som opprinneleg var inna Dalsfjorden flytte til Ulsteinvik i 1933. Johannes hadde pointere og den fyrste fekk han allereie på slutten av -30 talet.
Dett var pointertispa Funny, etter dette fulgte den heilsvarte pointeren Don og til sist Lady som han også hadde eit kull på. Lady vart for øvrig kjøpt fra ”Brage”.
Også i Herøy var det nokre som hadde skaffa seg fuglehund. Hjalmar Jacobsen opprinnelig frå Hareid hadde fuglehundar frå tidleg på -30 talet til etter krigen. Den første var truleg ein irsksetter. Seinare hadde han ein pointer og 2 engelsksettere. Også sonen til Hjalmar, Kolbjørn Jacobsen hadde ein kort periode fuglehund, ein strihåra vorsteher. Men dette var på -60 talet.
Leonard Tjervåg budde i Tjørvågane og var aktiv med jakt og hund frå –30 åra og heilt fram til -70 talet. Leonard hadde både engelsksetter og pointer.
...Runde var disponent på hermetikken på Moltu. Han skulle visstnok ha hatt ein pointer på -20 talet. Runde forliste og omkom utanfor Flø under frakt av hermetikk til
Ålesund.
Så kom krigen og det vart jaktforbod i heile landet, men så snart det vart fred dukka jegerane og hundane opp at.
Hans Håbakk hadde no ein pointer, Peik. Og like etter kjøpte han også ei korthåra vorsteher tispe. Desse to let har pare og resultatet vart 5 kvalpar. Frå dette kullet fekk Johan Mork sin første fuglehund vorst-pointeren Polly.
Bernt Røyseth, onkel til Arne Røyseth overtok ein vaksen vorsteher hann, Snøgg. Denne tok som tidlegare nemnt Arne over.
Ein annan ivrig fuglehundmann på denne tida var Jon Welle som opprinneleg kom frå Sykkylven. Han hadde ei engelsksettertispe og seinare ein pointer hann, Prins. Som Johan nemnte var Welle den fyrste som tenkte tanken på å sette ut hare på øya, og i følgje Arne så vart dette også realisert og 3 harar utsette.
Slaktar Johs Strand ”Brage” hadde også fuglehundar, pointera. Den første ein hannhund like etter krigen. Også bror til ”Brage”, Olaf ”Laffen” Strand hadde pointera. Den første, Tyra var etter Brages hannhund. Tyra vart overkjørt på Remøya, av øyas einaste bil ! Ein pointer hadde også Otto Garnes som dreiv sportsforretning i Ulsteinvik,
dette var Pan som han kjøpte av nettopp ”Brage” denne var kullbror til Johannes Lillebø`s Lady. Brage beheldt også sjølv ein kvalp frå dette kullet, Stegg. Ein fjerde kvalp fekk ”Laffen”, men også den vart overkjørt. På Brandal hadde Sigurd Eliassen sen. pointer.
På –50 og –60 talet var det fleire som kom til i fuglehundmiljøet. Blant desse var Lars ” Rulle” Garshol. Rulle hadde engelsksettera heilt fram til sin siste dag som enda på hjorteposten ”ørnereiret”. Han rakk antakelig å registrere at hjortebukken datt før hjertet takka for laget. Eg fekk oppleve å jakta saman med Rulle og hans siste hund, Stegg siste hausten på Lesja.
”Rulle” sin første ”fuglehund” var Stella. Ho var eit resultat av ei tjuvparing mellom engelsksetter Matthew til Mathias Fannemel og gardabikkja, norsk buhund Stella til Elias Garshol, far til Lars. I følgje Hallvard Dimmen var denne hunden eit unikum. Ho var ingen stor søkar men ho både ”snakka” og rapporterte. Henrik Høyvik hadde for øvrig søstra, men ikkje frå same kull. Også den heitte Stella. Etter alt å døme var det Matthew som var syndaren igjen. I følgje Henrik hadde Stella som levde frå 1951 - 1961 eit kull i året og med eit snitt på 10 kvalpar i kullet er det nok få engelsksettere med fleire barnebarn enn Sir Matthew. Helge Eide, slaktar på Hareid hadde engelsksetter Beauty.
Tannlege Mathias Fannemel var ein ivrig engelsksettermann og hadde engelsksettera frå slutten av 40 åra og til midt på -70 talet. Den første var Sir Matthew, oppkalt etter legendariske Sir Stanley Matthew, så kom Matthew II og den siste heitte Boy. Bror til Mathias, Per Fannemel var også mykje på Hareidlandet og jakta saman med Mathias og Arne Røyseth. Han hadde også engelsksetter.
Det verserer mange historier om Fannemel. Etter fredinga på byrjinga av -70 talet vart jaktopninga flytta frå 15 september til 10. 0ktober. Dette hadde gått Fannemel ”hus forbi” og han starta jakta som før 15. september. Då Tor Flatin og Hallvard Dimmen konfronterte han med dette innrømte Fannemel straks fadesen men la til ”Ja e skjøt jo noen skudder i luften, men det var jo ingenting som falt ned!”
Siste åra Fannemel jakta var ikkje synet heller heilt på topp, Hallvar Dimmen fortalte at han ein gong møtte på Mathias og så straks at hunden Boy stod i stand. Dette hadde ikkje Fannemel sett, og da Hallvard sa at han også såg rypa sitte framfor hunden bad han hallvard skyte, og da rypa trilla fram kom det frå Fannemel: ”Jammen var det ei rype ja - det er jaggu den første e har sett i år!”
Ein slager er også når hatten til veterinær Leite bles av og for kast i kast bortetter lyngen, Fannemel dreia rundt med hagla i anlegg: "Den tar e!"
Arne Røyseth som hadde vore utan hund nokre år starta no opp med pointere. Dvs. det var vel eigentleg Stig som fikk King i hus. Arne har vore ein primus motor i fuglehundmiljøet på Hareidlandet og hans Kennel Arnebu synest eg fortener eit eige ”kapittel”.
Sist oppdatert søndag 08. november 2009

