Skrevet av Terje Nordheim torsdag 05. november 2009
Artikkelindeks
Historiske hunder på Hareidlandet
Dei harde -30 åra
Kennel Arnebu
Myrteigens Fant
Ulsteinvik
Alle sider
Fikk endag en telefon om jeg kunne være behjelpelig med å skaffe noen opplysninger om en engelsksetter som het Myrteigens Fant. Dette forsøkte vi fra kennelen å gjøre og får dette fantastiske skrivet tilbake fra fuglehund miljøet på Sunnmøre. Her har de laget et historisk dokument over fuglehunder på Sunnmøre.

Ført i pennen av Johan Mork, Arne Røyseth og Skjalg Pedersen.

Prolog

Etter årsfesten i RIOS i februar 2003 fekk eg føre meg at eg ville prøve å samle inn informasjon frå fuglehundmiljøet på Ytre-Søre Sunnmøre. Og sjølv om miljøet ikkje går så langt tilbake i tid har det likevel ikkje vore lett å finne tak i korrekte opplysningar frå sikre kilder. Frå den eldste tida har eg fått god hjelp frå Johan Mork og Arne Røyseth som begge var blant dei fyrste som jakta med fuglehundar her ute på øyane. Dei var også dei fyrste som stilte hundar på fuglehund prøver, eller jaktprøver for ståande fuglehundar som det heitte den gongen.

Og skulle presentere seg sjølv etter desse ”nestorane” i fuglehundmiljøet på Sunnmøre vert som å hoppe etter ikkje ukjente Wirkola, derfor gjer eg det først.

Eg er vel det ein kan kalle ”oppflaska” med jakt, og då først og fremst småviltjakt. Eg var vel rundt 8-9 år første gongane eg kan hugse at eg var med far min, Jon Pedersen på jakt. Dette var på Herøy på Helgeland der far min er vakse opp. Vi var der for å feire jul ilag med farmor og farfar. Far min nytta sjølvsagt sjansen til å ta seg ein jakttur på heimkjente trakter. Julehelgs fredinga vart vel ikkje tatt så alvorleg der oppe. Eg kan ikkje huske heilt kva sluttresultatet vart, 5-6 ryper kanskje. Men eg huskar snikinga innpå ein liten flokk vinterkvite ryper og at når det small låg det igjen 2 ryper, den tredje var vengeskoten og tok beina fatt. Eg hugsar ikkje om oppdraget med å finne denne rypa var sjølvpålagt eller om eg vart send ut i ”apportsøk”, men eg huskar spenninga med å fylgje spora, og bloddråpane gjennom snøen, over eit gjerde og inn i tette bjørkekratt. Og tilfredstillinga og gleda når rypa endelig vart funnen og avliva. Det var vel i det augeblikket at eg kjende meg som, og vart ein jeger. Etter dette vart det ofte jaktturar her heime, første åra sjølvsagt som sekkeberar. Og eg kan huske som om det var i går første orrhanen i Bugardskogen. Men då eg som 13 åring fekk overekt hagla og skulle snike meg på ein vinterkvit hare som sat og trykte i ura på Sneldelida fekk jakta ein ny dimensjon. Med hjertebank so høge at eg var sikker på at haren høyrte hjerteslaga, med gelèkne og hagla i anlegg kika eg forsiktig over steinen eg hadde sikta meg ut like bortanfor haren. Haren merka nok aldri verken dette eller kva som trefte han. Som 14-åring fekk eg arve hagla etter onkelen min, ein enkeltløpa Star Baikal kaliber 16. Hagla vart pussa og stelt i stand som om ho skulle vore av gull, og eg var no med som fullverdig jeger. I denne tida kom eg opp i ungdomskulealder og der var det ein lærar, Tor Flatin, nærast berykta jeger og storskyttar som skulle kome til å bety mykje for mi vidare jegerkarriere. Tor og eg fann fort tonen, jaktomanar som vi var begge to. Gjennom Tor vart eg også kjent med Hallvard Dimmen og Lars ”Rulle” Garshol, og dermed også fuglehundar.

Det var ikkje få bøker og blad om fuglehundar som vart pløgd igjennom for å tileigne seg kunnskap om jakt med hund og raser. Eg huskar at Langhåra Vorsteher var tema då dei første hundane av denne rasen vart importert på denne tida. Men vi enda opp med engelsksetter. Spenninga var stor når vi reiste inn til han Vold i Måndalen for å plukke ut kvalp. Hunden vart døypt Ragg og var ein jaktmaskin av rang. Problemet var at han gjekk stort og i tillegg var notorisk prellar, og at vi var totalt uerfarne. Og at hunden vart ”rampjakta” med etter alle kunstens reglar gjorde vel ikkje situasjonen betre. Men eg lærte mykje av dette både på godt og vondt. I rettferdigheitas namn må det også seiast at Ragg vart ein meget god jakthund med tida. Med hund vart også horisonten utvida og vi fann oss eit jakteldorado på Lesja.

I denne tida på midten av –80 talet var det også eit gryande prøvemiljø på Ytre-Søre, meir om dette seinare, og også Ragg vart stilt på nokre prøver. Eg var også om enn noko motvilleg tidleg ute med prøvedebut. Vinteren –87 var vi på vinterjakt på Dovre, og på denne tida vart det også arrangert vinterprøver på Dovrefjell. Pappa klarte sjølvsagt å få ei vriding i kneet då han ”tryna” på ski i ein liten utforbakke, og med påmeldt start på jaktprøve påkomande helg måtte eg i elden. Å stille til start med ein hund som er jakta hardt med på skaresnø i fleire dagar har eg aldri gjort sidan for å seie det slik. Sårbeint med blødande klør gjekk Ragg 20 meter ut til ein barflekk å la seg ned. Eit halvt slepp og takk for i dag! Og på den tida var det ikkje snakk om å ta seg av ein nybegynnar nei, eg kunne tydelig høyre baksnakkinga i partiet, ”dyremishandling” - ”ikkje noko på prøver å gjere” osv. Tonen på prøvepartia er heldigvis ein heil annan i dag.

Arne Røyseth er født 2. mars 1921 og oppvaksen på Hareid. Han har drive med jakt og fuglehundar meir eller mindre samanhengande sidan midt på –30 talet. Han starta med ein blandingshund, mora var pointer og faren gordon -setter. I alle fall kunne det sjå slik ut på fargane. Arne fekk denne hunden av Hans Håbakk i 1937.

I fylgje Arne så gjekk hundane til Hans meir eller mindre på laust, så dette med farskapen er litt uvist. Den neste hunden vart ein Vorsteher, men etter dette har det berre vore pointer for Arne. Og det var også med pointeren King at Arne fekk vekt interessa av prøvesporten, utstillingar og avl. Vidare presentasjon av Arne og sonen Stig Røyseth under Kennel Arnebu.

Johan Mork sende meg eit sirlig nedskreve brev frå tida hans på Hareidlandet, og om det han huskar frå denne tida. Johan skal derfor få presentere seg sjølv.

Under 20 årsfesten til Møre og Romsdal Fuglehundklubb, sat eg i lag med fleire frå Hareidlandet. Ein av dei, Skjalg Pedersen, fortalde at dei arbeidde med å samle inn opplysningar om jeger- og fuglehundmiljøet på Hareidlandet. Han spurde om eg kunne skrive ned det eg visste, og sende det til han. Eg er fødd 9.januar 1927 på Grimstad. Familien flytta til Ulsteinvik i 1935. Her budde vi til 1939, då flytta vi attende til Grimstad. Her budde eg til i 1951. Etter nokre år i Oslo og Ørsta, flytta eg med familien til Brattvåg der eg bur ennå. Eg har ikkje skrive ned noko om jakt og fuglehundar. Det eg nå fortel er subjektivt og kanskje eg minnest feil 50-60 år seinare.

Vinteren 1936 oppdaga eg at det hang ei knippe kviteryper i ei kjøtforretning i Ulsteinvik. Desse fuglane vekte ei sterk interesse i meg, det vart mest som ein stand. Denne interessa ser ut til vil vare livet ut. Eg spurde og grov om desse fuglane, og kvar dei kom i frå. Jegeren var Edvard Fjelle. I 1948 var eg på jakttur i området oppe på Hammarstøylen- Fjelle. Eg sykla og fuglehunden Polly var med. På heimtur, ned mot Eidet, møtte eg ein eldre kvithåra mann med rjupesekk på veg mot Fjelle. Eg stoppa og kom i prat med mannen, som viste seg å vere jegeren Edvard Fjelle. Han fortalde at han hadde slutta å jakte. Han meinte at nå for tida var det lite fugl. I hans velmaktsdagar var det godt med fugl i fjella på Fjelle. Han brukte å jakte først når rypa var kvit. Haglskota lada han sjølv, og brukte messinghylser, som kunne brukast mange gongar. Skota var likevel relativ dyre, og han skaut derfor fuglen sitjande. På ein god dag kunne han få 10-12 rjuper. Om kvelden slutta han jakta med å gå langs skogkanten nord om garden på Fjelle. Her sat ofte orrfugl på topp, og det hende ikkje sjeldan at han fekk både ein og fleire orrfuglar. Fuglen selde han for å spe på inntekta frå gardsdrifta. I dei åra eg budde i Ulsteinvik,så kan eg ikkje minnest at det var nokon som hadde fuglehund. Eg trur kanskje at Elias Garshol hadde fuglehund I alle fall så hadde sonen ”Rulle” Engelsksetter, men det var seinare ...

Ein mann som vi kalla Teddy, pga at han røykte så mykje Teddysigarettar, hadde ein fin jakthund. Eg trur det var ein harehund. Teddy budde på Fredheim og var drosjesjåfør. På Hareid var det ein austlending, Arthur Solheim (1878-1959) Han hadde ein Engelsksetter som heitte Kensy. Kensy levde i 1930 åra. Kensy var ein av dei første fuglehundane på Hareidlandet. Solheim var ein mann med ordet i sin makt. Han hadde mange jakthistorier. Han sa ofte” Når Browningen taler da er fulen min” Solheim jakta inne i Syvden. Men den største og mest omtala jegeren på Hareid var Arthur Teigene ( 1884-1940) Arthur hadde Engelsksetter. Han var ein uvanleg god fluktskyttar. Det vart fortalt at han alltid bad jaktkameraten skyte først, bomma han, skaut Arthur og trefte. Svigermor mi Ragna Grimstad tente på Teigane hos Arthur. Ho fortalde at Arthur skaut masse fugl som hang til mogning. Og fuglen skulle henge lenge, etter hennar smak altfor lenge. Arthur skulle ein gong på ein liten jakttur og tok med 6 haglskot. Han kom ned frå fjellet med 7 orrfuglar. Dette seier mykje om kor god Arthur var til å skyte.

Bror til Arthur, Harald Teigene, hadde også fuglehund. Eg minnest den siste han hadde, pointeren Stella. Sønene til Harald, Sverre og Fridtjof hadde også fuglehundar, men det var seinare.

Arne Fjelle f.1911 budde på Rise. Han Hadde ein glinsande fin svart pointer. Eg veit ikkje meir om denne hunden.

Sildebasen, Hans Håbakk f.1911 hadde ein pointer Peik like etter krigen. Han kjøpte seg ein korthåra vorsteher tispe. I 1946 fekk eg vere med farbror Tolleif og Hans på fuglejakt. Turen gjekk frå Teigene, Holstadhornet og Grimstadlegane. Eg vart fascinert av fuglehunden som tok stand, og fallapporterte.

Då Vorsthertispa og pointeren Peik para seg og det kom 5 kvalpar overtok farbror Tolleif ein av desse, som vart kalla Polly. Han kunne ikkje ha hunden så lenge, og eg overtok den eitt år gamal. Eg jakta med Polly i mange år. Etter krava i dag så hadde Polly eit trongt søk, og vart fort sårbeint. Men ho var flink til å apportere. I denne tida like etter 2.verdskrigen, var det mange som skaffa seg fuglehund. Bernt (Arne) Røyseth overtok ein vaksen vorsteh hann kalla Snøgg. Bernt og Arne Røyset brukte denne hunden på jakt. I følgje Bernt, så var den god.

Arne skaffa seg seinare pointer. Arne Røyset var av dei første som deltok på fuglehundprøver frå Hareidlandet. Dette veit Stig Røyset meir om.

Jon Welle frå Sykkylven kom til Hareid i 1940 åra. Han Hadde først ei Engelsksettertispe. Seinare hadde han ein pointer kalla Prins. Jon Welle ønskte å sette ut hare på Hareidlandet. Han skreiv brev til meg om dette. Men ideen vart ikkje realisert . Jon Welle emigrerte til Canada.

I Ulsteinvik hadde tannlege Fannemel Engelskstetter. Like etter krigen var det fuglehundutstilling i Ålesund. Fannemel stilte ut ein engelsksetter, som først fekk 3.pr.AK. Men dommaren angra seg og kalla hunden inn i ringen på nytt. Det vart då 0 pr. Eigaren kommenterte dette på rutebåten heim: ”Hunden fekk i allelfall moralsk premie”. Uttrykket: ”Det er sausen som smakar best” skal også skrive seg frå Fannemel.

I åra før 1940 til i slutten på 1950, var det ingen som deltok på fuglehundprøve det eg veit om. Som nemnt så var Arne Røyseth med tidleg i prøvesporten. Truleg kring 1960. Helge Eide var ein ivrig fuglehundmann. Han hadde Engelsksetter. Men det var først då han fekk ES. Myrteigens Fant (f.1969) at det vart fart i prøvene. I 1970 åra var Fant ein av dei store ES i landssamanheng både på prøve og utstilling. Olav Schjetne, som oppdretta, og ofte førde Fant på prøve, fortalde meg at Fant var ein veldig god reisar. Han kunne variere reisinga frå spasering til kanonreising etter stemmebruk og ønskje..Arthur Wolsdal hadde også Engelsksetter. Sjølv har eg hatt fuglehund samanhengande frå 1947. Første gong eg var på fuglehundprøve i 1958, fekk eg 2.pr.UK med Pointeren Pikhaugens Geisa. Krava var store i UK. Det vart felt fugl, apportert og total krav til ro i oppflukt og skudd. Eg hadde fleire gode pointerar fram til 1982. Sidan har eg hatt ES. Med unnatak av den første og den siste ,så har alle mine hundar vore Jaktpremiert.

Fleire med 1.pr. Ein kan så spørje kvifor eg gjekk over til ES. Eg hadde i mange år berre ein hund. Eg jakta hardt med pointerane, og dei vart fort sårbeinte. Eg hadde høyrt at setterane var slitesterke. Det har eg seinare erfart er rett. Ein kan seie mykje om sterke sider og svake sider ved dei ymse hunderasene, min erfaring er at det kanskje er viktigast å finne dei gode linene innan den enkelte hunderasen.

Eg har jakta mykje og ofte vart det lange jaktdagar for mine fuglehundar. Eg har felt over 1000 ryper og ein del orrfugl. Den sterke jaktlysta som vakna då eg såg ei knippe kvite ryper i Ulsteinvik i 1936, er framleis sterk. Eg har hatt mange dagar i fjellet med mine hundar, ofte i godt selskap med gode vener. I dag er det like gildt å gå i fjellet utan børse. Eg vonar at helsa held ei stund til, slik at eg kan få drive denne fantastisk fine sporten i lag med vener og hundane.

Med beste helsing
Brattvåg i mars 2004
Johan Mork



Sist oppdatert søndag 08. november 2009